free
hit counters

Glesvær Rorbu

 

 

05.06.2018 

 

St.Hansfeiring og Sommermarknad på Glesvær 23.06.2018

 

Tradisjonen tru vert det arrangert St.Hans på Glesvær, og denne gongen vert det også sommermarknad. Tidspunktet er 23.06.2018 frå kl. 13-16:30 for marknaden, St.Hansfeiring starter kl. 18. 

Mellom kl. 13:00 og 16:30 tilbyr vi blant anna: 

- Kjekke utstillare

- Kortkurs i Linedance med Dance Diva

- Rundtur med Christian Børs og RIB-tur arrangert av Kystopplevelser

- Hesteridning

 

Etter kl. 18 vert det sal av rømmegraut, hotdog, brus, kaffe og kaker til inntekt til 10. klasse sin klassetur.

 

Les meir her >>> 

 

 


31.05.2018 

 

Glesvær Sjøbad!

 

27 grader i luften og 14 grader i vatnet, visste du at Glesvær Sjøbad har sin eigen Bademester som registrerer badetemperaturene?

 

Les meir her>>>



 

27.05.2018

 

Totalforbod mot utandørs brenning!


 

Brann- og redningssjefen i Fjell, Sund og Øygarden innført totalforbod mot bruk av open eld utandørs.

Forbodet gjeld frå og med idag 27.05.2018 og framover til me har hatt nedbør av betydning. Brann og redningssjefen vil kunngjere når forbodet er oppheva. Det betyr at det ikkje er lov å grille, tenne bål eller bruke eingongsgrill i strandsona i eller i nærleik av skog og mark

 

 

Les meir her>>> 



 

10.05.2018

 

Melodi Grand Prix og konfirmasjon

 

Denne helga er det  fult hus i rorbuene med to konfirmasjoner og kajakksamling. Samtidig slår Glesvær kafe til med Melodi Grand Prix-feiring!

Vil du ta turen til Glesvær, så sjekk ut arrangementssida på Facebook>>>

 

 


 

05.05.2018 

 

Norgescup og konfirmasjon 


Denne helga er ein ordentleg aktivitetshelg her på Glesvær. Samtidig som vi har konfirmasjon i vårt fantastiske selskapslokale gjennomføres det Norgescup i brett og Waszp. Sjekk ut  facebooksiden til Waszp Norway eller les meir om Waszp her.

 

 


 



 

02.05.2018

 

Rydda på Glesvær

 

Laurdag 28. april var vi omlag 35 vaksne og born som deltok på ryddeaksjon etter eigerlaust marint avfall på og rundt Glesvær. Vi fekk ein avtale med Kiwi Sund senter som stilte med boller, kjeks, ostebrikks, bananer og saft som vi hadde med i båtene. Glesvær kafe stilte med fantastisk betasuppe/brennsnut som vi varmet oss på etter ryddinga. Totalt plukka vi ca. 125 sekker frå Risøyna, Ådnavika på Tofterøy og Skjelevika på Glesvær som vart levert til Fjellvar der Glesnes Ungdomslag er med i panteordninga. 


Les meir her>>>



 

28.03.2018 

 

Plastrydding på Glesvær 28.04.2018

 


Vi ønsker å vise at vi tar plastproblemet på alvor med å arrangere plastrydding frå Glesvær. Vi stiller med båter, mat/ drikke og hyggeleg stemning på ryddedagen. Ønsker du å være med? 

 

Trykk skal på arrangementet >>>

 



 

28.03.2018
 
Nye aktivitetssider
 
Glesvær er super for ein aktivitetsferie, og vi har derfor inngått avtale med fleire aktører som kan bidra til meir aktivitet. 
 
 

 

Litt om oss: 


Glesvær Rorbu har 8 koselege rorbuleiligheter til utleige. 4 med 2 doble soverom for 4 personer og 4 med 3 doble soverom for 6 personer. Til kvar rorbu er det mogeleg å leige båt med påhengsmotor. Me har gratis wifi og god mobildekning i alle rorbuene.
 
Me kan også tilby eit lokale som passer for selskap og møter for opptil 35 personar i den midterste rorbuen ved marinaen.  Me har alle tekniske hjelpemidler; som wifi, prosjektor, lerret, flippover osb.